Songar
Startside Garden Kvanndalen Slekt

Opp

 

Bjørdalssongen

Mel: "De nære ting"

I hjartet av Sunnmøres alpenatur,
ligg Bjørdalen lunt mellom tindar og ur.
Ei perle i Noreg, ja, fagrast på jord!
Liten? -Kan hende, - for meg er han stor.

Kvar vinter ligg dalen og glitrar og skin,
i kappa av snø som har hylla han inn.
Dei velkjende fjella så mektige står,
gjev ramma rundt heimen og garden vår.

Eg ynskjer med dit når det stundar mot vår,
og bjørkene grøne av lauvknoppar står.
Når flaumstore elvar finn far over land,
eit storslage verk i frå Skaparens hand.

I juni, når vårkvelden stille og sval,
sakte sig inn mot ein sovande dal.
Du høyrer ei bjølle så tindrande klart,
"dei roar seg nok inn på Gjerda i natt".

På regndagar sure, når skodda heng tungt,
du ynskjer deg austover mangen ein gong.
Men sei når det letnar og sola slepp til,
kvar finn du ein dalbotn så fager og gild.

 

 

Drøym meg heim.

Eg finn vegen inn i marka, ein veg eg kjenner frå før.
Eg let att auga, dreg inn angen frå ein gavmild natur.
Bjørdalsmarka ligg framfor meg, eg opnar mi dør!
Eg er heime i mitt rike, der er her eg bur,
her er hjarte meitt ein gong for alle.
 

Refr.: Ta meg til Bjørdalen , lat meg få bli
dronning av sommarnatta.
Her er mitt rike eg kjenner med fri,
galen av lengt er eg no.
Før meg, ja, lei meg no inn på din sti,
ta meg til Bjørdalen, lat meg få vere der no!
 
  Kanskje noko "berusa", men likevel klar,
Mange minner frå dalen eg veit eg har.
Om eg lever i morgon, kva betyr no vel det,
eg har opplevd alt dette, det gir meg fres.
Her er hjarta mitt ein gong for alle.
 
  Refr.: Ta meg til Bjørdalen , lat meg få bli
dronning av sommarnatta.
Her er mitt rike eg kjenner med fri,
galen av lengt er eg no.
Før meg, ja, lei meg no inn på din sti,
ta meg til Bjørdalen, lat meg få vere der no!
 

 

 
  Sida vart oppretta i mai 2003, sist oppdatert 14.08.2011