Garden
Startside Garden Kvanndalen Slekt

Opp
Foto
Tsjekkia
Dyra
Vekstar
Songar
Rekneskap

Litt om garden vår:

"Lauritsgarden” er ingen gammal gard.  Den vart frådelt ”Eliasgarden” der bestefar Laurits kom frå kring 1915 og fekk gardsnr. 38 og bnr. 20. Bestefar starta å dyrke og bygge ut garden. I 1918 vart nytt stovehus ferdig, og same år var ei enkel fjøsbygning bygt.  Seinare,  i 1925, vart det bygd fjøs/løde med gjødselkjellar.  Det vart gradvis dyrka nytt land med enkle redskap og handemakt.  Anna og Laurits (mine besteforeldre) fekk etterkvart 3 jenter og 3 gutar.  Einar  (i midten av gutane) viste størst interesse for gardsdrift og gjekk jordbruksskule på Eidså i 1939.   Etter kvart tok han over drifta, samtidig som garden vart oppdyrka meir og meir.   I 1955 kjøpte Einar sin første traktor, ein ny ”Gråtass” som kosta kr 11.000,- ein betydeleg sum i den tida.  Oddlaug og Einar fekk  2 jenter og 1 gut. Sonen (eg) fekk  namnet Laurits (etter bestefar), og eg driv i dag garden i lag med kona mi, Åsta.   Tidleg på –70 talet starta det ei utviding av garden, med nydyrking med moderne maskiner, samtidig som ny driftsbygning vart bygd i 1976. Tunteigen er på 230 dekar frå Bjørdalselva til Videtjørn på Eidet. Av dette er ca 110 dekar dyrka mark, i tillegg driv vi leigeslått av 50 dekar. Skog/utmarksareal utgjer ca 300 dekar. Drifta i dag er mjølkeproduksjon med ca 18 årskyr med fullt påsett av ku/kviger, oksekalvane vert selde til kjøtprodusentar. Sjølv om det i dag er står dårleg til med rekruttering til landbruket, håper vi at ein av våre 3 born vil vidareføre drifta.

 

 
 

 

 
  Sida vart oppretta i mai 2003, sist oppdatert 14.08.2011